Eid

EID MANNSKOR

Nordfjord Songfestival

Eid Mannskor arrangerte i 2013 Nordfjord Songfestival og vil gjere dette igjen i oktober 2020. Dette er eit arrangement for alle over 16 år og kan gje undervisning og samklang for songarar frå heile Nordfjord og Sunnmøre. Lokale instruktørar som Michael Pavelich og Øyvind Lied vil stå for instruksjon og alle får vere med på framføring av innøvde nummer i Operahuset Nordfjord, Valhall og Eid Kyrkje. Vi har plass til 150 songarar. Dette er eit tilbod både til etablerte songarar og nye yngre.