Eid

EID KOMMUNE

Meir utstyr til BUA EID

I BUA EID har vi mykje utstyr til born, ungdom og vaksne! Vi som driv BUA EID driv også Lærings-og aktivitetssenteret på Langeland og vi ser at vi manglar utstyr til menneske med fysiske handikapp. Vi ynskjer at fleire skal ha moglegheit til å komme seg ut i den fantastiske naturen vi har rundt oss! Vi ynskjer å reise på tur og skape opplevingar for fleire, men slikt utstyr er kostbart og ikkje noko vi kan kjøpe inn utan midlar. I BUA vil slikt utstyr vere tilgjengelig for alle!