Eid

Eid IL Ski

Søknad om stønad til utvikling av skileikområde på Tua

Vi søkjer om midlar til utvikling av skileikområdet i langrennsanlegget på Tua. Dette er eit lågterskeltilbod som ved sidan av rekrutteringsarbeid til skisport blir brukt av barnefamiliar til ski og aking, og det er ein stad der invandrarfamiliar får stifte kjennskap til norsk vintersport. Vi deler søknaden i tre: 60.000 kr til maskinell opparbeiding i terrenget, 40.000 kr til rull for pakking av snø slik at sesongen blir lenger, og 50.000 kr til grunnleggjande utstyr for elektronisk tidtaking.