Eid

EID IDRETTSPARK

Ny flombelysning på Eid idrettspark

Eid idrettspark er hjarte i idretten på Nordfjordeid, og den mest besøkte arenaen i kommuna vår over eit heilt år. Bana og lysanlegg er 15 år gamalt. Det er behov for heilt nytt anlegg, vi har kostnadar på 30.000kr pr år i vedlikehald, og det er krevjande å få tak i utstyr til så utdatert anlegg. Vi ser ingen anna utveg enn å skifte ut heile lysanlegget til meir moderne LED-teknologi, noko som vil spare 40% i straumforbruk. Klårare og jamnare lys tenar alle brukarane, og vi har mange av dei.