Eid

EID IDRETTSLAG

Utvikling av fotballanlegga våre

Eid Fotball har vel 400 aktive spelarar og tre fotballbaner fullspekka med aktivitet. For å utvikle og leggje til rette for ennå betre aktivitet og trivsel i klubben vår, treng vi å fornye oss der ungane oppheld seg mest, nemlig på fotballbana. Eid Fotball søkjer om kr 100.000,- til innkjøp av 2 stk mobile innbyttarbenkar, kr 100.000,- til innkjøp av ei kioskvogn. Dette vil skape ennå betre rammer for spelarane og frivillige.