Sogndal

CISV SOGN OG FJORDANE

Fredsarbeid for born frå Sogn og Fjordane

CISV Sogn og Fjordane utdannar til fred. Det gjer me ved å arrangera leirar for born frå heile verda, som på Kaupanger i 2019, og ved å senda born frå Sogn og Fjordane til leirar i andre land. Der møter dei jamaldringar frå dei fleste land og kulturar, og lærer seg fredsarbeid i praksis. CISV gjer noko verda treng i dag: Du går ikkje til krig mot ein du har leika med.