Austevoll

AUSTEVOLL MUSIKKRÅD

Kulturmessa 2020

Austevoll musikkråd vil på vegne av det frivillige musikklivet i kommunen søke om midlar til ei kulturmesse i Austevoll for born og ungdom. Kulturmessa vart arrangert i 2019, og vi har som mål å arrangere på nytt i 2020. Målet er å vise fram for born og ungdom kva aktivitetar som finns i Austevoll og få med psykisk utviklingshemma som ein integrert del av kulturlivet i Austevoll. I 2020 vil vi utvide med fleire utøvande aktivitetar, og ungdom vil vere sentrale i planlegging og gjennomføring.