Austevoll

Austevoll Musikkråd

Kulturarena

Austevoll musikkråd vil på vegne av det frivillige musikklivet i Austevoll kommune søke om midlar til å ruste opp dei kulturarenaene som er tilgjengeleg for born og ungdom i kommunen. For at det skal vere mogleg å drive med ulike kulturaktivitetar i Austevoll, er det nødvendig å legge betre til rette for og rehabilitere dei kulturarenaene born og ungdom kan nytte utanom skuletid. Arenaer som skal setjast i stand er: Austevoll Lydstudio, Kongsen Studio og Kultursal i Bekkjarvik. Kultur for alle!