Arna

Arna Frivilligsentral

Utdeling av frivilligprisen og takk-for-hjelpa-samling.

Arna Frivilligsentral har sitt utspring i fleire frivillige org i Arna. Me er så heldige å ha frivillige som legg ned ein imponerande innsats for at andre skal få ein god kvardag og auka livskvalitet! Me org. ulike aktivitetar, feks.handlekjøring og utkjøring av middagar til eldre, turgrupper, leksehjelp, natteravning mm. Målet er å få sett fokus på dei frivillige, visa vår takknemlegheit og REKRUTTERA NYE frivillige!Det utløyser STORE ressursar som gjer at me får starta ENNO fleire aktivitetar!