Arna

Arna Aktiv, Nav Arna Sosialtjeneste

Friluftsområdet ved Rambergsvegen

20 min gange frå Arna togstasjon ligg eit flott friluftsområde, tett inntil Rambergsvegen. Her har Arna Aktiv, eit rehabiliteringstiltak for personar med rusmiddelavhengighet, rydda skog og bygd gapahuk, i samarbeid med Brukarutvalet for Rambergsvegen og Reppadalsvegen. Vi gler oss over at området igjen har blitt ein sosial møteplass. Det er behov for vidareutvikling og vi ønskjer å byggje ein trygg bålplass, eit solid vedskjul og fleire sitjeplassar, samt utbetre stien ned til gapahuken.