Sogndal

A/L SKOGLY

Ny scene og utstyr til barne- og ungdomsteateret

Ungdomsteatergruppa starta opp for 10 år sidan i ungdomshuset Skogly på Kaupanger. Dette er eit lågterskeltilbod der alle kan bidra med sang, skodespel, dans eller anna. Vi finn roller til alle som dei kan meistre. Vi elskar å spele teater, og vi har stort behov for å ruste opp scena og utstyrsparken vår, og søker om kr 150 000. Vi ønskjer å pusse opp scena med nye veggar og golv, vi ønskjer oss instrument slik at vi kan starte "husband"og vi kunne gjerne tenkt oss nye myggmikrofonar.